Hjelp til identifikasjon av Gutbrod tohjulstraktor

Hei!

Eg har fått tak i ein gammal tohjulstraktor, merke Gutbrod. Nokon som ser kva type det er ut ifrå bileta? Eg finn veldig lite informasjon på nett og har eigentleg ikkje sett nokon som er lik min.. Men den liknar veldig på U9 eller U10.. Kan ta fleire bilete, men desse var dei eg hadde på datamaskina nå.

Såg ein stad at Gutbrod tohjulstraktorar var grøne i 1951 - 53 (?) og etter det var dei blå. Isåfall er jo denne veldig gammal!

Den har stått ubrukt inne veldig lenge. Flaks at den har stått inne, då den har stått utan tennplugg. Stempelet har heldigvis ikkje sett seg. Finn ingen informasjon on kva type tennplugg den skal ha, men ser ut som at gjengediameteren er 18 mm. Nokon tips?

Eg sit med ein del spørsmål og det dukkar nok opp fleire etter kvart som eg ser på den. Skal ikkje ta alt her og nå, då vert vel dette innlegget veldig langt!

Av det eg kan sjå:

Den er totakt

Kickpedal i staden for snorstart

anna type luftfilter enn kva eg har sett på andre

Planar:

Gje den ein grundig skrubb, rense tank og forgassar, sjå om eg får den til å gå. Så får ein ta det der i frå..

Visninger: 429

Vedlegg:

Svar på dette

Svar til denne diskusjonen

Hei,eg likte bildene av din Motostander,har en sjøl men den mangler forgasseren den eg har er en U10 ca 1960 er blå,så eg trur att din er en eldre modell. eg prøver å få fatt i forgasser men har ikkje lykkast hittil, hvist du hvet om noen som har deler til den er eg svært takknemlig ,eventuelt ny motor,forskjellen på U9 og U10 er vel att U10 har 1 hk mer tror eg.Hilsen Jonni Karlsen.

Takk for det!

Heilt tilfeldig at eg fekk den i hende. Ein nabo som skulle kvitte seg med noko rask. Eg har alltid likt tohjulstraktorar og då eg såg den stod utanfor huset hans ein dag spurte eg han om den. Den skulle han berre hive, så den kunne eg få om eg ville. Litt spesielt at den er så gammal, det gjer det i alle fall til ei utfordring og detektivarbeid å finna ut saker og ting om den. Blant anna så lurar eg fælt på kva type tennplugg eg skal ha. Kanskje lettast å få tak i ein gjengeadapter frå 18 til 14mm tennplugg, og prøva seg fram med nokre "kjente" pluggtypar..

Veit ikkje så mykje om kor ein kan få tak i delar, men om du handlar litt på internett, så kan du finne mykje rart. Eg har ein Bing-forgassar på min for eksempel. Eit søk på google, og det dukka opp ein heilt identisk til den som eg har  (trykk på linken for å sjå)

 Ok,takk for tips får bare prøve videre.

Så lenge flensen passar med innsuget ditt, så kan det vel vera ein del forgassarar du kan bruke i staden for kanskje? AMAL 348/21 du skulle hatt?

21mm forgassarar er jo noko som har vorte brukt til å trimma mopedar med fks.. Kanskje det vert brukt  noko på gamle mopedar / lettsyklar som du kunne brukt med få modifikasjonar (Som er lettare å få tak i).. Berre ein tanke :)..

Korrekt blir det jo ikkje, men kanskje ei grei erstatning til du får tak i ekte vare...

  Takker igjen for ytterlige tips,skal prøve å få den i stand har stått ubrukt i ca 5år ,har rotet bort forgasseren (forlagt den) finner den kansje når eg har fått ny....

hei jeg har også en Gutbrod  tohjulstraktor ny innkjøpt,  jeg har ikke har fått start på ennå men jeg har pluggen champion L-85. luft filteret sitter på bensin tanken på min er litt annerledes en din men ser ut til å være samme motor 

RSS

© 2018   Created by Tungutta.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår