Om tre år er visjonen at me skal ha null dødsulykker i landbruket. I løpet av dei ti første månadene i år viser den nakne, kalde statistikken heile tolv dødsulykker. Landbruket har med andre ord ein frykteleg lang veg å gå før ein er i nærleiken av å oppfylle nullvisjonen.

Så lenge me har med folk og maskinar å gjere, vil det alltid skje ulykker. Derfor er nullvisjonen urealistisk, meiner mange, og har dessverre heilt rett i det. Det er urealistisk at me frå ein gitt dato skal greie å unngå at det skjer ulykker. Skal me unngå ulykker, må me først leggje ned landbruket, som om det var eit alternativ.

Likevel er det feil å gå til angrep på sjølve nullvisjonen, etter mi meining. Å ha som visjon at ein skal redusere talet på ulykker i landbruket, er altfor lite konkret, og ein kan ikkje setje seg som mål at ein i landbruket skal ha sju, fem eller tre dødsulykker kvart år. Visjonen må vere null ulykker, og så får ein heller ha eit realistisk forhold til ulykkestala og ikkje gi opp fordi at ein aldri vil greie å oppfylle visjonen verken i 2012 eller i 2030.

Av 43 dødsulykker i arbeidslivet til nå i år, har altså 12 skjedd i landbruket. Det er eit skremmande høgt tal, og det vitnar om at landbruket kan vere ein farleg arbeidsplass. Det er noko me har vore klar over i mange år, og HMS er inga ukjend forkorting - ei heller i landbruket. Derfor er det på høg tid å evaluere det arbeidet som er gjort fram til nå. Tidleg i haust tok Jan Helge Lunde frå Øvre Eiker kontakt med Norsk Landbruk for å invitere oss med på ein dugnad for å få ned talet på ulykker. Vårt bidrag er å gi deg som lesar gode råd og tips om korleis du skal arbeide for å få ein tryggare kvardag.

I Norsk Landbruk nummer 17 har Jan Helge Lunde og hans medspelarar sju konkrete saker der dei gir råd som førebyggjer ulykker, eller dei påpeikar manglar og inkonsekvensar i lovar og reglar som går på tryggleiken laus (sjå videoane Frode Mohus har lagt ut her på Traktorbygda). Me ønskjer oss fleire innspel. Du kan også bidra til ein dugnad for å få ned talet på ulykker ved å tipse oss i Norsk Landbruk om tiltak du har gjort, eller om ting du meiner det er viktig å få gjort noko med.

Ta gjerne kontakt med oss på telefon, send ein e-post til: dag.josang@tunmedia.no

- eller kom med innspel her!

Visninger: 50

Kommenter

Du må være medlem av Traktorbygda for å kunne legge til kommentarer!

Bli med Traktorbygda

© 2019   Created by Tungutta.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår