Jarle Hov Molland har traktor på maten. Han surfar på nettet kvar dag for for å leite etter traktornyheiter. Han debatterer flittig under navnet "Modlendingen" her på traktor.no og andre stader på nettet. Me har fått eit intervju med ein ekte traktorentusiast.

Kva traktor er den beste traktoren?
Eg likar eigentleg mange traktorar, men favorittmerket er Fiatagri. John Deere er bra over 100 hestar, for då dreg dei faktisk litt, og vekt/effekt-forholdet er sånn passe. Likar best traktorar med stor motor og turbo. Må lage litt gromlyd. Me har sjølv ein MF 5455, 2005 modell, med lastar, ein NH 110-90DT utan turbo og ein Ford 3000 på lån av onkel som eg har lakka opp att. Er på leit etter ein traktor med seks sylindra motor som treng oppussing. Veit om ein Ford 8000 i nærområdet som eg lurar på å kjøpe, men eg er open for forslag :-)

Kor mykje tid brukar du på traktorinteressa?
Vel, det er mykje. Eg er innom Finn og andre sider dagleg, og debatterer ein god del og. Spesielt på gardsdrift.no, men og www.fullpull.dk/forum.

Kva traktor likar du minst?
John Deere under 100 hestar og Deutz Fahr Agrotron Mk1. Ikkje fordi dei er dårlege, men dei er tunge i forhold til effekten, og diverse småfeil som på JD blir dyssa ned, dessverre.

Om du fekk fire millionar kroner til å kjøpe ein traktor, kva ville du så kjøpe?
Viss eg hadde fått fire millionar kroner hadde då ikkje berre vorte ein, men ein heil haug traktorar. Ville kjøpt brukt då, for eksempel MF 1150 med V8, Case 1200TK med firehjulsstyring, Deutz D80, Ford 8000, eventuelt 9600, Fiat 180-90DT :-), Valmet 1502 med sekshjulstrekk (blei berre laga 52 stykk i verda), Fiat 1300DT, MF 1250, Fiat 80R, Volvo BM 814, John Deere 6030 tohjulstrekk (ikkje den nye 6030-serien, men den største bakhjulstrekkaren frå JD på 60-70-talet), Case IH Magnum (Nothing Kills a Deere like a Magnum), Farmall 1468 med V8 power og så vidare.

Kva er det kulaste utstyret på ein traktor?
Det er eigentleg det same. Alt til sitt bruk. Eg likar best ein traktor som har krefter, men du må ta i litt for å køyre. Det skal ikkje ein traktor som sossen i gata kan køyra. Autostyring er fint, men dei må begynne å kjede seg når dei skal harve i 24 timar, meiner «Modlendingen».

Har du lyst til å svare på dei same fem spørsmåla som Jarle Hov Molland har svart på? Send eit bilde av deg sjølv saman med svara til dag.josang@tunmedia.no

Visninger: 136

Kommenter

Du må være medlem av Traktorbygda for å kunne legge til kommentarer!

Bli med Traktorbygda

Kommentert av mikkel erik berntsen den 8 oktober 2011 kl. 20.17
noen som vet om venstre dør til sekura d 81 den sitter på en deutz
Kommentert av Daniel den 27 august 2008 kl. 22.08
kule traktorar du hadde velgt på 4mill. spørsmålet. likte dei V8'erane spess godt ;) å fiatane. hadde ein MB-track 800 for et par år si men han hadde små hjul, så han var ikke god på vegen.. drømme om ein 1800.. -dyre deler :(

© 2018   Created by Tungutta.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår