Hei 

Naboen min har planer om å pusse opp brøyteskjæret sitt, og eg ønsker å hjelpe han med å finne tips og utstyr til prosjektet. Eg har sjølv veldig lite kunnskap om slike prosjekt så eg setter pris på all hjelp me kan få her. 

Produsenten av skjæret er eg litt usikker på, men eg har høyrt at det kan vere eit gamalt SISU eller Nokka eller noko sånt (det har vore blåfarge på det ein gong i tida)...Skjæret er 2,5 meter bredt og har berre mekaniske innstillingar.

Det har blitt brukt litt for mykje utan slitestål. dermed har hola til boltane forsvunne - derfor skal det nye slitestålet, etter planen, sveisast på. Slitestål blir mest sannsynleg bestilt hos A-K, det blir ikkje eit originalt stål, men det trur eg ikkje har nokon betydning. (?)

Men til oppussinga og det som skal gjerast:

1. Ta alle delane frå kvarandre og pusse dei fri for rust.

2. Eventuelt fikse øydelaga sveiser og dreie nye boltar her og der.

3. Sveise på nytt slitestål, og sveise på forsterkingar her og der.

4. Lakkere alle delar og setje det saman. 

Men så trenger me hjelp til å finne diverse: Til lakken har eg høyrt at "Hammerlakk" er det ein bør bruke, då dette er mykje meir slitesterkt enn anna lakk... Men kor kan ein finna det? Det eg har funne er berre små boksar på 250ml, men eg reknar med at vi trenger ein liter eller to til heile skjæret?

Trengs det grunning når ein brukar "hammerlakk"? Isåfal held det vel med eit strøk eller to med Brunox Epoxy ?

Kva farge burde me velga? sidan det blir vanskeleg å få tak i originalfarge... :P 

 

Eg kjem nok på fleire spørsmål etter kvart... 

 

Håper på bra svar og god hjelp, og takker på forhånd :) 

Visninger: 2073

Vedlegg:

Svar på dette

Svar til denne diskusjonen

Klarer ikkje å finne så mykje informasjon om kva dei to forskjellige egentlig er og korleis dei fungerer...Så då er det brukande med Brunox Epoxy som grunning og så Hammerlakk eller benga over...?

Er 1-2 liter med lakk nok sjølv om eg ikkje tynner den? 

takker for svar ;) då trur eg at eg skriver opp ca 2 liter Hammerlakk eller benga, og like mykje grunning...? må vel ha to strøk?

Den bengalakken til Jotun, er den brukande? Kunne du kanskje nevne det du kjøpte til bruk på skjæret ditt? Hadde satt stor pris på det :)

Eg forstår :P Var planen å berre pusse ned det skjæret det er snakk om her og med vinkelsliper, sidan me ikkje har tilgang til noko sanblåsing...men får no ihvertfall ta i bruk grunning og då.

Takker for hjelpa :) dåke må berre komma med fleire innspel vist dåke kjem på noko :) 

Har no funne ut litt meir om denne hammerlakken. (har funne ut at det heiter Hammerite...? )

Men sjølv om det blir sagt at Hammerite er eit "3 i ett" produkt, altså at ein ikkje trenger å bruke grunning/primer under den og at ein berre kan male det rett på rusten/metallet, er det då anbefalt med ein grunning/primer under den likevel? og kva for ein type grunning passer då, mtp at Hammeriten kanskje ikkje kan brukast med alle typar? 

Eg har tenkt på Brunox Epoxy, men veit ikkje om dette passer med kvarandre. ? 

RSS

© 2019   Created by Tungutta.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår