Trøblar med hydraulikken på min NH TS115A.

Hadde problem med varmgong i styringa, lastaren og elles i systemet. Oljen og det store filteret under traktorkroppen vart bytta i sommar og det vart tilsynelatande bra.

I vinter vart det mykje knurring i hydralikksystemet ein stad (pumpa?) og litt uklar funksjon på lastaren. Litt rykkete og treg. Traktoren var ikkje i bruk, køyrde kun inn ein rundballe med han fire-fem gongar. Det er berre ein sving nedom fjøsen og er overstått på eit minutt.

Eg trudde eg hadde knekt koden då eg oppdaga at det var lite olje sidan det var oppstått ein lekkasje på nivåglaset.

Så eg stramma dei lause skruane på glaset, fylte etter olje og køyrde ein lang tur der ting oppførte seg normalt.

Etter den turen vart alt pussig nok mykje verre og eg er ikkje heilt sikker på kva ende eg skal starte i. Har prøvd å sjekke på nettet, men ikkje mykje hjelp å finne.

Nokon som veit korleis systemet er bygd opp?

Er det fleire filter?

Er dette eit problem fleire har høyrt om?

Korleis er oppbygninga av systemet med pumper og ventilar og plassering av desse?

Skrekkscenarioet er jo sjølvsagt tidskrevjande deling av traktoren med påfølgande fornying av dyre komponentar... :-(

Visninger: 265

Svar på dette

Svar til denne diskusjonen

Hei. Det har jo vært tilfeller på TSA/MXU der stempelet som retter opp pumpa (regner med du har utgaven med LS-hydraulikk) låser seg slik at pumpa står og jobber uten å ha noen plass å gjøre av oljen. Du kan prøve å måle stand-by-trykket på hydraulikken når du ikke bruker noen funksjon, det skal ligge mellom 20 og 24bar, hvis det er 200 bar er det noe feil der. Det skal være mulig å høre at pumpa står og jobber sånn, men noen ganger ikke enkelt å legge merke til det. Jeg ville begynt med dette.

Takk for svar!

Kva er LS-hydraulikk?

Korleis måler eg stand-by-trykket?

Sorry, men eg har ikkje greie på dette...

Hei, LS betyr load sense, eller lastkjennende på norsk. Du kan se på lastersentralen om det er 2 tjukke og 1 tynn slange inn på den, da er det LS. LS´n gjør at pumpa leverer olje(mengde) etter behov. Hvis du kopler ett t-stykke på f.eks. trykkslangen inn på lasteren(P-porten på lastersentralen), og monterer ett manometer der(0-250 bar), så skal du ha 20-24bar der når du ikke bruker noe hydraulikk. Hvis du får høyere trykk kan det være en ventil som er aktiv, feil justering på kompensatorventilen eller at pumpa av andre årsaker ikke retter seg opp.

Traktoren har måtte vente medan eg har drive med vårvinne og slikt. Skifta filter på bakakslingen, men det vart ikkje betre, heller tvert om.

No har vi fått av hydraulikkpumpa, som heldigvis står utanpå kroppen - innanfor bakhjulet på høgre sida, og min hydraulisk erfarne avløysar seier at pumpa er skada. Det var og mykje metallpartiklar i oljefilteret. 

AK skulle ha rundt 30000,- for pumpa. Kva alternativ har ein å kjøpe frå elles?

RSS

© 2019   Created by Tungutta.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår