Tidspunkt: 22 oktober 2010 at 10.00 til 24 oktober 2010 at 15.00
Sted: Stavanger Forum
By: Stavanger
Nettside eller kart? http://www.agrovisjon.no/
Arrangementstype: messe, landbruksutstilling, landbruksmesse
Siste aktivitet: des 20, 2011
Eksporter til Outlook eller iCal (.ics)
Neste Agrovisjon vil bli arrangert i 2010. Datoen er fastsett til 22-24 oktober
Vi har dermed tilpassa Agrovisjon til Agrisjå i Trøndelag og Agroteknikk på Lillestrøm, slik at dei store landsomfattande arrangementa går kvart tredje år.
Velkommen til Agrovisjon 2010!
Agrovisjon 2007 var ein stor suksess som møteplass for bønder og alle andre som er interessert utviklinga i landbruket. Relasjonar blei bygde og erfaringar utveksla.
Det er lett å ta opp att ein suksess, og nå kan vi derfor ynskje velkommen til Agrovisjon 2010. Som sist vert Stavanger Forum møteplassen.
Heile det aktive landbruksmiljøet i Rogaland står bak arrangementet. Og det blir lagt vekt på at både utstilling og konferanse skal halda eit nivå som vi kan vera stolte av. Vi vil og leggja til rette for at dei som er til stades både fredag og laurdag kan få ein koseleg avslutning på dagen i godt selskap.
Kort sagt kan vi ynskja velkomen til::
* Ein konferanse fredag med eit dagsaktuelt, visjonært og spanande program.
* Ei landbruksutstilling over tre dagar som vi kan vera stolte av, der det siste nye blir presentert.
* Bondepub fredag og festmiddag laurdag for å avslutte gjevande fagdagar i lag med gode kollegaer frå heile landet..
Vår klare målsetting er derfor at Agrovisjon 2010 skal vera ein interessant møteplass for folk i landbruket i alle delar av landet.
http://agrovisjon.no/
Opningstider
Fredag 22. oktober
Kl: 1000 - 2100
Laurdag 23. oktober
Kl:1000 - 1700
Sundag 24. oktober
Kl: 1200 – 1600
Om Agrovisjon
Landbruk er i viktig næring i Rogaland både lokalt, på fylkesnivå og i nasjonal målestokk.
Grovt sett kan vi seia at 10 % av bøndene i Noreg og 20 % av husdyrproduksjonen skjer i Rogaland. Vi er dessutan i ferd med å ta ein posisjonen som "Matfylket".
Med ein slik posisjon har eit samla landbruksmiljø i fylket meint at vi på heimebane må få vist fram det næringa står for.Vi er stolte av landbruket vårt i dette fylket!
21 september 2010 at 18.00 til 30 september 2013 at 19.00 – Norge
0 Kommentarer 0 Interesser© 2012 Created by Tun Digital.

Svar på Agrovisjon 2010 for å legge til kommentarer!
Bli med Traktorbygda